Hei, eg er Turid og ønsker deg velkommen til min blogg. Her vil eg formidle kreativitet og skaperglede.


søndag 20. februar 2011

Vårtegn






Idag har det vore en nydelig dag. Sola har sendt sine varmande strålar ned på oss fra en skyfri himmel og det er ikkje berre eg som gler meg over lysare dagar og stadige,små hint om at våren er rett rundt hjørnet.




Snøklokkene bryr seg ikkje om at dei er omkransa av små snøflekker og vissent lauv. Akkurat no, når vi treng det som mest, står dei der og smiler.




Poser med frø ligg og venter... dette lover godt for sommeren.




"Heimelaga" tomater smaker fantastisk godt og eg ønske en varm og solrik sommer velkommen på vegne av både meg og tomaten:-)




Det var reint fornøyelig å sjå korleis hanefar kosa seg i vårsola idag...




...i lag med høneflokken sin. Eg håpe at fleire sånne dager vil sette fart i eggproduksjonen.




Ein liten kikk inn på syrommet.... Eg ønska meg ei vårjakke, ikkje for kald og ikkje for varm. Et litt kraftig, grått stoff vart kjøpt på Jysk ein gang..fordi det var billig..men og fordi det var litt fint. Lilla bomullstoff med kvite prikker passa fint til for i hetta. Eg er ikkje heilt ferdig endå...



...men fleire detaljer og bilder av det ferdige produktet kjem etterkvart:-).