Hei, eg er Turid og ønsker deg velkommen til min blogg. Her vil eg formidle kreativitet og skaperglede.


søndag 20. februar 2011

Vårtegn






Idag har det vore en nydelig dag. Sola har sendt sine varmande strålar ned på oss fra en skyfri himmel og det er ikkje berre eg som gler meg over lysare dagar og stadige,små hint om at våren er rett rundt hjørnet.




Snøklokkene bryr seg ikkje om at dei er omkransa av små snøflekker og vissent lauv. Akkurat no, når vi treng det som mest, står dei der og smiler.




Poser med frø ligg og venter... dette lover godt for sommeren.




"Heimelaga" tomater smaker fantastisk godt og eg ønske en varm og solrik sommer velkommen på vegne av både meg og tomaten:-)




Det var reint fornøyelig å sjå korleis hanefar kosa seg i vårsola idag...




...i lag med høneflokken sin. Eg håpe at fleire sånne dager vil sette fart i eggproduksjonen.




Ein liten kikk inn på syrommet.... Eg ønska meg ei vårjakke, ikkje for kald og ikkje for varm. Et litt kraftig, grått stoff vart kjøpt på Jysk ein gang..fordi det var billig..men og fordi det var litt fint. Lilla bomullstoff med kvite prikker passa fint til for i hetta. Eg er ikkje heilt ferdig endå...



...men fleire detaljer og bilder av det ferdige produktet kjem etterkvart:-).

søndag 30. januar 2011

Puter til gjesterommet




Desse putene vart påbegynt for ei god stund sidan.... i løpet av helga har dei fått bakstykke og putefyll, og vips så var dei ferdige!



Det blir stadig kjøpt inn nye stoff og meir garn, og lysten til å sette nye idear ut i livet er ofte stor. Då virkar det som ei enkel sak og brette halvferdige puter fint i saman og legge dei i ein "venteskuff". Men no er jobben gjort!


Puta måler 60x60cm og er skikkelig stor og god. Ei ordentlig kosepute!


Fargane minner meg om sol og sommar. Rødt og grønt...... Jordbærfarger!


Skulle nesten tru at det er denne muggen som har vore inspirasjon. Men når den vart kjøpt, var putene godt i gang.




Til slutt eit bilde som kan fortelle litt om kva som venter. Ein kirsebærkvist fekk komme inn i varmen for eit par veker sidan og eg er spent på fortsettelsen... kanskje ein liten blomst?

lørdag 22. januar 2011

Nytt skjørt..., hurra!


Denne lørdagen har på ingen måte vore en "trøtt" dag, sjøl om Tilda-engelen tek seg en lang gjesp. Heller tvert imot. Eg har faktisk fått rydda litt både på loft og i kjeller... kan eg kalle det en liten tjuvstart på vårreingjeringa?



Tildas sove-engel vart kjøpt på ei salgsmesse eg var på før jul. Synes den var så fin! Tanken er å la den pynte opp på et soverom, men først skal den få bu seg inn her i kjøkkenavdelingen:-)


Så nydelige detaljer... blonder og søte, små knapper.


Et prikkete cordfløyelsstoff vart kjøpt ved forrige besøk på Stoff og stil. Fargen trur eg kan beskrives som litt støvet lilla... den falt øyeblikkelig i smak hos meg! Skjørtet eg sydde ferdig igår kjem eg til å bruke flittig.


Enkelt og greitt mønster med gode lommer og strikk i livet.


Synes ordet lykke er så fint... kvardagslykke:-)


Imorgen er det søndag og antrekket er klart.... God helg!

tirsdag 18. januar 2011

Det går fortsatt i blått...






Velourkjole nr. 2 er ferdig og tatt i bruk av ny eigar. Hadde igjen litt stoff fra den første eg sydde og det holdt akkurat!


Denne gangen vart det hjertepynt.


Synes det er veldig koselig med prikker og dette stoffet har eg meir av, så det vil nok bli brukt til fleire syprosjekt i tida framover.


To små hjerter er sydd på nederst på kanten.


Alle opplegga er sydd med sølvtråd, så då vart det litt glitter og stas også! No sitte eg klar med bestillingslista for eg treng meir stoff og eg gleder meg til å få det i hus. Då kan det bli fleire kjoler i nye farger!

søndag 16. januar 2011

Blått er flott!





Så snart julepynten er pakka vekk, er det våren som bankar på døra her hos meg. Slik er det kvart år og eg har egentlig ingen ting imot det...:-) Eg nyt synet av spirande småløkar når eg er i blomsterbutikken (denne skjønne stod å venta på meg sist eg var der,) og drøymer meg vekk i den nyaste frøkatalogen som kom rett etter nyttår.


På kjøkkenet mitt går det i blått og i høst fekk eg brukt opp nokre av dei blå stoffa eg har hatt liggande i hylla veldig lenge. Kjekt med ny løpar på kjøkkenbordet.


Ikkje nokon avansert teknikk denne gongen, men likevel fin....


Ein liten blonde pyntar opp. Det enkle er ofte det beste:.))


Eg har sydd fleire slike syboksar/sminkepungar. Størrelsen passar også kjempefint til pennal.


Og endelig fekk eg bruk for nokre av knappane i knappesamlinga mi. Her var det berre å velge og vrake. Blonden er kjøpt, men den lille blomsten hekla eg for anledningen.


Et blått hjerte er fint å ha på kjøkkenet....


Eg er blitt den lykkelige eigar av dette nydelige stoffet som kjem frå eit gammalt dynetrekk. Tusen takk til mamma som ville dele med meg!


Fekk nokre kommentarar på logikken ved å henge ei knaggrekke opp på kjøkkenet, men fin til å henge pynt og dilldall på, det er den.


To blå linposer som har pynta seg med stoff fra dynetrekket. Har brukt det til innvendig for, snorer og lomme. Dette kan fort bli "posen med det rare i..."

lørdag 8. januar 2011

I symodus


Lykke kan være å sy sin egen kjole....



Eg har brukt litt tid på syrommet denne veka og sydd min første velourkjole. Den er himmelblå og eg er kjempefornøyd med både form og farge. Det skal bli fleire kjoler, for dette var kjekt!


Bortsett fra at eg måtte fram med sprettekniven då eg oppdaga at hetta var blitt sydd på bakfram, så gjekk alt som det skulle. Både mønster og stoff er kjøpt hos Stoff og stil.



Sjølv om det er snø og full vinter ute, var det tanken på sol,varme og vår som fekk meg til å pynte kjolen med denne blomsterapplikasjonen. Kanskje neste kjole blir vårgrønn??

søndag 2. januar 2011

Oldemors skatter






Ein liten bit av et gammalt hekla mellomverk. En skatt som mest av alt minner meg om mi håndarbeidsglade og kreative bestemor som ikkje lever lenger.


No har eg hekla nytt mellomverk med det gamle som oppskrift. Ei vakker, nostalgisk pute er resultatet.


Sjølve puta er sydd i et nydelig, stripete linstoff som er kjøpt på Ahlens.


Har brukt Mølnlycke hekletråd nr. 10 og heklenål 0.75.


Dette blir uten tvil ei heilårspute her i heimen. Like fin til julerødt som til lyse, lette sommarfargar.


Den vesle biten har også fått nytt liv som pynt på et gammalt tinnfat. Hjertet er julegave. Er superglad i hjerter, så tusen takk Hanne!!