Hei, eg er Turid og ønsker deg velkommen til min blogg. Her vil eg formidle kreativitet og skaperglede.


søndag 16. januar 2011

Blått er flott!





Så snart julepynten er pakka vekk, er det våren som bankar på døra her hos meg. Slik er det kvart år og eg har egentlig ingen ting imot det...:-) Eg nyt synet av spirande småløkar når eg er i blomsterbutikken (denne skjønne stod å venta på meg sist eg var der,) og drøymer meg vekk i den nyaste frøkatalogen som kom rett etter nyttår.


På kjøkkenet mitt går det i blått og i høst fekk eg brukt opp nokre av dei blå stoffa eg har hatt liggande i hylla veldig lenge. Kjekt med ny løpar på kjøkkenbordet.


Ikkje nokon avansert teknikk denne gongen, men likevel fin....


Ein liten blonde pyntar opp. Det enkle er ofte det beste:.))


Eg har sydd fleire slike syboksar/sminkepungar. Størrelsen passar også kjempefint til pennal.


Og endelig fekk eg bruk for nokre av knappane i knappesamlinga mi. Her var det berre å velge og vrake. Blonden er kjøpt, men den lille blomsten hekla eg for anledningen.


Et blått hjerte er fint å ha på kjøkkenet....


Eg er blitt den lykkelige eigar av dette nydelige stoffet som kjem frå eit gammalt dynetrekk. Tusen takk til mamma som ville dele med meg!


Fekk nokre kommentarar på logikken ved å henge ei knaggrekke opp på kjøkkenet, men fin til å henge pynt og dilldall på, det er den.


To blå linposer som har pynta seg med stoff fra dynetrekket. Har brukt det til innvendig for, snorer og lomme. Dette kan fort bli "posen med det rare i..."

1 kommentar:

  1. Dette var koseleg!
    Takk for inspirasjon, tante!
    Du er også velkommen til å sjekke min blogg:
    casafiore.blogspot.com

    SvarSlett