Hei, eg er Turid og ønsker deg velkommen til min blogg. Her vil eg formidle kreativitet og skaperglede.


søndag 22. april 2012

Lett blanding





Fint bilde fra en fin dag i påska...





... og jammen beit fisken på kroken og!




Mens nokon prøvde fiskelykka, vart vaffelsteiking
på bålpanna et skikkelig vellykka prosjekt!






Så til dagen i dag.. søndag,sol og kjempefint turver!
Turorientering er kjekt og tre postar vart funne i løpet av
formiddagen, så då er vi igang:))



Veldig nysgjerrige, men samtidig litt forsiktige...
to flotte eksemplar som stod å kikka på oss underveis.




Heime på tunet igjen vart eg frista til å ta bilder av
nydelige vårblomster. Desse vart planta ut før påske
og har fått kjenne på både kulde, vind og regn. Likevel
ser det ut som dei trivast og veks!




Påskeliljer og pinseliljer i massevis!




Kjekt skue rett utfor inngangsdøra!




I drivhuset har det vore vår lenge!




Første blomsten... nydelig og vakker!




Mais... spennande å prøve litt nye ting.




Det er ikkje så lenge til vi kan plukke fantastiske,
smakfulle jordbær her..




Glede meg!




Tomatplanter er også i full vekst.Bittesmå
blomsterknopper er på veg til å springe ut!




Sånn ser det ut i drivhuset no. Eg er klar for sommar!!

søndag 20. februar 2011

Vårtegn






Idag har det vore en nydelig dag. Sola har sendt sine varmande strålar ned på oss fra en skyfri himmel og det er ikkje berre eg som gler meg over lysare dagar og stadige,små hint om at våren er rett rundt hjørnet.




Snøklokkene bryr seg ikkje om at dei er omkransa av små snøflekker og vissent lauv. Akkurat no, når vi treng det som mest, står dei der og smiler.




Poser med frø ligg og venter... dette lover godt for sommeren.




"Heimelaga" tomater smaker fantastisk godt og eg ønske en varm og solrik sommer velkommen på vegne av både meg og tomaten:-)




Det var reint fornøyelig å sjå korleis hanefar kosa seg i vårsola idag...




...i lag med høneflokken sin. Eg håpe at fleire sånne dager vil sette fart i eggproduksjonen.




Ein liten kikk inn på syrommet.... Eg ønska meg ei vårjakke, ikkje for kald og ikkje for varm. Et litt kraftig, grått stoff vart kjøpt på Jysk ein gang..fordi det var billig..men og fordi det var litt fint. Lilla bomullstoff med kvite prikker passa fint til for i hetta. Eg er ikkje heilt ferdig endå...



...men fleire detaljer og bilder av det ferdige produktet kjem etterkvart:-).

søndag 30. januar 2011

Puter til gjesterommet




Desse putene vart påbegynt for ei god stund sidan.... i løpet av helga har dei fått bakstykke og putefyll, og vips så var dei ferdige!



Det blir stadig kjøpt inn nye stoff og meir garn, og lysten til å sette nye idear ut i livet er ofte stor. Då virkar det som ei enkel sak og brette halvferdige puter fint i saman og legge dei i ein "venteskuff". Men no er jobben gjort!


Puta måler 60x60cm og er skikkelig stor og god. Ei ordentlig kosepute!


Fargane minner meg om sol og sommar. Rødt og grønt...... Jordbærfarger!


Skulle nesten tru at det er denne muggen som har vore inspirasjon. Men når den vart kjøpt, var putene godt i gang.




Til slutt eit bilde som kan fortelle litt om kva som venter. Ein kirsebærkvist fekk komme inn i varmen for eit par veker sidan og eg er spent på fortsettelsen... kanskje ein liten blomst?

lørdag 22. januar 2011

Nytt skjørt..., hurra!


Denne lørdagen har på ingen måte vore en "trøtt" dag, sjøl om Tilda-engelen tek seg en lang gjesp. Heller tvert imot. Eg har faktisk fått rydda litt både på loft og i kjeller... kan eg kalle det en liten tjuvstart på vårreingjeringa?



Tildas sove-engel vart kjøpt på ei salgsmesse eg var på før jul. Synes den var så fin! Tanken er å la den pynte opp på et soverom, men først skal den få bu seg inn her i kjøkkenavdelingen:-)


Så nydelige detaljer... blonder og søte, små knapper.


Et prikkete cordfløyelsstoff vart kjøpt ved forrige besøk på Stoff og stil. Fargen trur eg kan beskrives som litt støvet lilla... den falt øyeblikkelig i smak hos meg! Skjørtet eg sydde ferdig igår kjem eg til å bruke flittig.


Enkelt og greitt mønster med gode lommer og strikk i livet.


Synes ordet lykke er så fint... kvardagslykke:-)


Imorgen er det søndag og antrekket er klart.... God helg!

tirsdag 18. januar 2011

Det går fortsatt i blått...






Velourkjole nr. 2 er ferdig og tatt i bruk av ny eigar. Hadde igjen litt stoff fra den første eg sydde og det holdt akkurat!


Denne gangen vart det hjertepynt.


Synes det er veldig koselig med prikker og dette stoffet har eg meir av, så det vil nok bli brukt til fleire syprosjekt i tida framover.


To små hjerter er sydd på nederst på kanten.


Alle opplegga er sydd med sølvtråd, så då vart det litt glitter og stas også! No sitte eg klar med bestillingslista for eg treng meir stoff og eg gleder meg til å få det i hus. Då kan det bli fleire kjoler i nye farger!