
Desse putene vart påbegynt for ei god stund sidan.... i løpet av helga har dei fått bakstykke og putefyll, og vips så var dei ferdige!

Det blir stadig kjøpt inn nye stoff og meir garn, og lysten til å sette nye idear ut i livet er ofte stor. Då virkar det som ei enkel sak og brette halvferdige puter fint i saman og legge dei i ein "venteskuff". Men no er jobben gjort!

Puta måler 60x60cm og er skikkelig stor og god. Ei ordentlig kosepute!

Fargane minner meg om sol og sommar. Rødt og grønt...... Jordbærfarger!

Skulle nesten tru at det er denne muggen som har vore inspirasjon. Men når den vart kjøpt, var putene godt i gang.

Til slutt eit bilde som kan fortelle litt om kva som venter. Ein kirsebærkvist fekk komme inn i varmen for eit par veker sidan og eg er spent på fortsettelsen... kanskje ein liten blomst?